Stortinget
Stortinget er Noreg sitt parlament, eller lovgjevande forsamling, og ligg i Oslo. Derfor er Oslo hovudstaden i Noreg. Her arbeider 169 stortingsrepresentantar som vert valde av folket for fire år om gangen. Det er Stortinget som er ansvarleg for å lage og forandre dei norske lovene og styre over den norske staten.
Stortingsrepresentantane bestemmer over staten sine pengar. Det er pengar som Noreg har tent, men også pengar som innbyggjarane har betalt inn til fellesskapen som skattar og avgifter. Noreg er eit velferdssamfunn. Det betyr at den norske staten passar på at alle innbyggjarane har det dei treng. Pengane til staten betalar blant anna for skule og helsehjelp slik at det er gratis for alle innbyggjarane. Viss nokon mister jobben eller er for sjuke til å jobbe får dei pengar frå staten slik at dei har råd til mat og ein stad å bu. Staten sine pengar vert også brukt til eldreomsorg, militære og bygging av nye vegar.
Oversikta over korleis pengane skal brukast heiter statsbudsjettet. Regjeringa kjem med eit forslag til statsbudsjett kvart år, og så diskuterer stortingspolitikarane dette og gjer endringar. Viss ein vil bruke meir pengar på noko, må ein bruke mindre på noko anna. Til slutt vedtek storingspolitikarane budsjettet. Det vil seie at dei bestemmer at slik skal det bli.
Det er Stortingsval kvart fjerde år. Då vel det norske folket kven som skal få sitte på Stortinget. Norske statsborgarar har røysterett ved Stortingsval frå det året dei fyller 18. Når det er val røystar ein på eit parti, ikkje på ein person. Partia lovar innbyggjarane å halde seg til eit partiprogram dei har gjort offentleg for veljarane på førehand. Dei partia som får mange røyster får mange representantar på Stortinget. Stortingspolitikarane er frå ulike parti og er ofte ueinige. Før dei tek ei avgjersle diskuterer dei sakane, slik at alle skal bli høyrd. Deretter røystar dei, og fleirtalet avgjer.
Dei politiske debattane er opne for publikum, og dei som vil kan kome og høyre på at politikarane diskuterer.