Menneskerettane
Uansett kvar i verda du er fødd er du like mykje verd og har rett til å bli behandla godt. Det står det i menneskerettane. Det er SN som har laga menneskerettserklæringa. SN er ei forkorting for dei sameinte nasjonane, og er ein organisasjon som arbeider for å skape fred i verda. Alle uavhengige land i heile verda er medlemmar i SN og har sagt at dei skal følgje menneskerettane.
Menneskerettane er ei liste med 30 reglar om kva for rettar alle menneska skal ha. Nokon av dei viktigaste menneskerettane er desse:
-Alle er fødde frie og med like rettar
-Ingen skal sitje i fengsel utan grunn
-Ingen skal verte utsett for tortur eller bli skada på andre måtar
-Alle har lov til å seie det dei meiner
-Alle har rett til å reise fritt inn og ut av landet dei kjem frå
-Alle har lov til å bestemme sjølve kven dei vil gifte seg med
-Alle har rett til ein stad å bu, til mat og klede og til hjelp dersom dei blir sjuke
-Alle har rett til å gå på skule
-Ingen skal bli diskriminert på grunn av rase, farge eller religion
Sjølv om medlemmane i SN har sagt at dei skal følgje menneskerettane, skjer det brot på menneskerettane likevel kvar dag ein stad i verda. I mange land får ikkje alle born gå på skule. Mange menneske kan ikkje reise inn eller ut av landet sitt, nokon vert utsett for tortur og mange sit i fengsel utan grunn.
SN kan bryte inn dersom eit land bryt menneskerettane. Då sender SN militære styrker for å stoppe det som skjer. Men det er strenge reglar for når SN kan gjere dette. Det må vere eit alvorlig brot der mange menneske blir skada eller drepne.
Ein må også ha prøvd å løyse det på andre måtar først. I tillegg må alle dei største landa i SN vere einige om at SN skal gjere noko.