Internasjonalt samarbeid
Noreg har sine eigne lover og styrer seg sjølv. Men samstundes har Noreg samarbeid med mange andre land i verda. Gjennom slike samarbeid får Noreg hjelp og moglegheiter, men vi må også følgje nokre reglar.
Eit av dei viktigaste samarbeida i Europa er EU. EU er ei forkorting for den Europeiske Unionen. Nesten alle landa i Europa er medlemmer her. Unionen vart danna etter andre verdskrig, for å skape betre samhald og venskap. EU gjer det også enklare å kjøpe og selje varer mellom medlemslanda.
EU har si eiga regjering, ei pengeeining som heiter Euro og ein eigen domstol. I tillegg lagar EU mange reglar for medlemslanda. EU lagar reglar om mellom anna økonomi, arbeidsliv, innvandring og miljø.
Noreg er ikkje medlem av EU. Det har vore to folkerøystingar i Noreg om medlemskap, men begge gongane har fleirtalet sagt nei. Ei folkerøysting er eit val der alle over 18 år får vere med på å avgjere noko som er veldig viktig for landet. Mange nordmenn røysta mot EU fordi dei ønskjer at Noreg skal lage sine eigne lover og reglar. Men det er også mange fordelar med å vere medlem. For at Noreg skal få nokre av desse fordelane har vi eit samarbeid med EU som heiter EØS-avtalen. Det er ein avtale mellom tre land – Norge, Island og Liechtenstein – og EU.
EØS-avtalen gjer at nordmenn kan reise, arbeide og handle varer fritt i EU-landa. Men Noreg må også følgje mange av reglane til EU på grunn av EØS-avtalen.
Ein annan viktig organisasjon som Noreg er medlem av, heiter NATO. NATO er ein forsvarsorganisasjon. Medlemmane er land frå Europa og Nord-Amerika. NATO blei danna under den kalde krigen for å hjelpe medlemslanda med tryggleik, fridom og uavhengnad.
Den viktigaste regelen i NATO er den som heiter artikkel 5 i avtalen. Denne regelen seier at eit åtak på eit av medlemslanda i NATO er eit åtak på alle medlemslanda. Det tyder at dersom eit av landa i NATO vert angripe vil dei andre landa hjelpe til med militære styrker.
NATO kan også hjelpe til under internasjonale kriser. Då sender NATO-landa soldatar for å verne om fred, førebyggje konfliktar eller for å hjelpe til med naudhjelp etter til dømes naturkatastrofar.
Uansett kvar i verda du er fødd er du like mykje verd og har rett til å bli behandla godt. Det står det i menneskerettane. Det er SN som har laga menneskerettserklæringa. SN er ei forkorting for dei sameinte nasjonane, og er ein organisasjon som arbeider for å skape fred i verda. Alle uavhengige land i heile verda er medlemmar i SN og har sagt at dei skal følgje menneskerettane.
Menneskerettane er ei liste med 30 reglar om kva for rettar alle menneska skal ha. Nokon av dei viktigaste menneskerettane er desse:
-Alle er fødde frie og med like rettar
-Ingen skal sitje i fengsel utan grunn
-Ingen skal verte utsett for tortur eller bli skada på andre måtar
-Alle har lov til å seie det dei meiner
-Alle har rett til å reise fritt inn og ut av landet dei kjem frå
-Alle har lov til å bestemme sjølve kven dei vil gifte seg med
-Alle har rett til ein stad å bu, til mat og klede og til hjelp dersom dei blir sjuke
-Alle har rett til å gå på skule
-Ingen skal bli diskriminert på grunn av rase, farge eller religion
Sjølv om medlemmane i SN har sagt at dei skal følgje menneskerettane, skjer det brot på menneskerettane likevel kvar dag ein stad i verda. I mange land får ikkje alle born gå på skule. Mange menneske kan ikkje reise inn eller ut av landet sitt, nokon vert utsett for tortur og mange sit i fengsel utan grunn.
SN kan bryte inn dersom eit land bryt menneskerettane. Då sender SN militære styrker for å stoppe det som skjer. Men det er strenge reglar for når SN kan gjere dette. Det må vere eit alvorlig brot der mange menneske blir skada eller drepne. Ein må også ha prøvd å løyse det på andre måtar først. I tillegg må alle dei største landa i SN vere einige om at SN skal gjere noko.
SN har stor respekt for at alle land skal få bestemme over seg sjølve. Men viss det er alvorlig nok, set SN dette omsynet til side og kjem for å hjelpe dei som treng det.