Lover i Noreg
Den 17.mai kvart år feirar innbyggjarane i Noreg grunnlovsdagen. Då har alle fri frå jobb og skule. Born og vaksne pyntar seg og feirar med god mat saman med familie og venner. I gatene går borna i tog og syng og viftar med det norske flagget.
Grunnlova er den viktigaste av lovene i Noreg. Den står over alle dei andre lovene og fortel korleis landet skal styrast. Grunnlova er meir enn 200 år gammal. Den vart underskriven og vedteken den 17,mai 1814. Den dagen vart Noreg eit sjølvstendig land og derfor er det stor folkefest 17.mai kvart år.
Noko av det viktigaste som står i Grunnlova er at folket skal velje kven som skal styre landet. Derfor er alle norske statsborgarar over atten år med på å velje kven som skal sitje på Stortinget og i regjeringa. Grunnlova seier også at menneske som bur i Noreg skal behandlast bra. Alle har rett på ei rettferdig rettssak dersom dei har brote lova og ingen skal utsetjast for vald og tortur. Det står også at alle har rett til å seie kva dei meiner og å tru på den religionen dei vil.
I tillegg til Grunnlova har Noreg ei stor samling lover om alt som er lov og ikkje lov i landet. Lovene er samla i ei tjukk bok som heiter Noregs lover. Det er dei folkevalde på Stortinget som lagar lovene og det er berre Stortinget som kan endre lovene i Noreg. Det står til dømes i lovene at alle norske statsborgarar skal få pensjon når dei blir gamle, at alle har rett på ferie og at narkotika er ulovleg. All bruk av vald er også forbode ved lov i Noreg. Vald er å skade eller skremme andre, både fysisk og psykisk. Det gjeld også i familien, mellom kjærastar og ektepar, og mellom foreldre og born. Det er ulovleg å slå eller skade borna sine og det er ulovleg å presse dei til å gifte seg mot sin vilje. Alle som kjem til Noreg må følgje dei norske lovene, sjølv om dei er ulike frå lovene til det landet dei kjem frå.
Dei som bryt lovene kan få bot, bli dømt til samfunnsteneste eller bli sett i fengsel.