Ulike roller
Dette er Sofia. Ho er ei muslimsk jente som bur i Noreg. Ho er også ei dotter, ein ven, ein skuleelev og ein fotballspelar. Dette er nokre av rollene til Sofia.
Alle menneske har eigenskapar som gjer dei unike. Du har dine eigne tankar, kjensler og evner som gjer deg til den du er. Det kallar vi din identitet.
I tillegg har alle rundt deg forventingar til korleis du skal oppføre deg og kva du skal gjere. Då seier vi at du har ulike roller.
Som dotter er det mellom anna forventa at Sofia skal gjere som foreldra seier og vere høfleg. Som skuleelev skal ho følgje med i timane og gjere leksene sine. Som ven skal ho vere morosam og oppfinnsam.
Alle har mange ulike roller, og av og til kan det vere vanskeleg å passe inn i alle rollene samstundes. Det er fordi rollene nokre gongar kjem i konflikt med kvarandre.
Venane til Sofia vil at ho skal vere med på fest og danse og tulle. Men foreldra til Sofia vil at ho skal vere heime, og at ho skal halde seg vekke frå gutar. Då kan det vere vanskeleg for Sofia å velje rolle. Ven eller dotter? Skal ho bli med på fest og skuffe foreldra sine, eller skal ho bli heime og skuffe venane sine?
Ein slik situasjon kallar vi krysspress.