Kjønn og likestilling
Menn og kvinner er fødde ulike. Men i tillegg til dei biologiske skilnadane er det skilnadar mellom kjønna som kjem frå den måten vi blir oppdregne på. Samfunnet rundt oss påverkar kva vi tenkjer er typisk for kvinner og menn. Det gjer også familie og vener. Ofte tenkjer vi ikkje over desse rollene fordi vi har lært dei frå vi var små.
Døme på kjønnsroller er at små gutar blir kledd i blått og får bilar å leike med, medan jenter blir kledd i rosa og får leikedokker. Eit anna døme er korleis gutar og jenter hjelp til heime. Det er vanleg at gutar hjelper til utandørs med vedlikehald medan jentene hjelper til med husarbeid, som matlaging og vasking. Det er ingen biologisk grunn til at gutar og jenter skal bruke ulike fargar eller hjelpe til med ulike ting heime. Likevel gjer kjønnsrollene at vi behandlar gutar og jenter ulikt.
Kjønnsrollene varierer rundt omkring i verda. I nokre land er det kvinna som bestemmer i heimen og forsørgjer familien, og andre stadar er det mannen som har denne rolla. Kjønnsrollene kan vere negative dersom dei hindrar gutar eller jenter i å gjere som dei vil.
I Noreg og mange land i den vestlege verda har dei kvinnelege og mannlege kjønnsrollene blitt ganske like. Ein av grunnane til dette er likestillingskampen på 1970-talet, der kvinnene kjempa for å få dei same rettane som menn. Derfor er det til dømes vanleg i Noreg i dag at både menn og kvinner jobbar og tener pengar, og at dei deler på arbeidet i heimen. Både menn og kvinner lagar mat og passar born.
I Noreg har ein lover som seier at menn og kvinner skal behandlast likt. Kvinner og menn har same rett til å ta utdanning, jobbe, ha eigedom, gifte seg og skiljast. Dersom ein behandlar menneske ulikt på bakgrunn av kjønn, kan ein verte straffa.
Men på nokre område har ikkje kjønnsrollene endra seg like mykje i Noreg. Mange menn og kvinner vel framleis tradisjonelt når dei skal velje utdanning og yrke. Sjølv om skilnadane blir mindre, er det fleire kvinner som utdannar seg innan omsorg og helse og fleire menn som vel teknikk og naturvitskap. Det er også fleire menn enn kvinner som er sjefar i arbeidslivet.