Fordommar
Når vi møter menneske frå andre stader i verda, med andre kulturar enn vår eigen, kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal oppføre seg. Kanskje snakkar dei, oppfører seg og kler seg ulikt det ein er van med. Nokre synest det er skummelt med menneske ein ikkje kjenner eller forstår.
Då kan det vekse fram det vi kallar fordommar. Fordommar er negative tankar om menneske fordi dei til dømes har ein anna kultur, religion eller hudfarge enn ein sjølv. Når vi har fordommar trur vi negative ting om andre sjølv om vi ikkje kjenner dei.
Nokre grupper møter meir fordommar enn andre. Eit døme er muslimar. Vi høyrer på nyheitene om islamistiske terroristar som drep eller skadar andre. Dei seier at Allah ønskjer dette. Sjølv om islamistane er ei lita gruppe trur nokon at alle muslimar meiner det same som desse terroristane. Det gjer at mange muslimar opplever negative haldningar og frykt. Når ein dømmer alle muslimar fordi nokon få oppfører seg dårleg, har ein fordommar mot muslimar.
Rasisme er ein type fordom. Rasisme er å tru at nokre folkegrupper er betre eller smartare enn andre, til dømes at menneske med lys hud er flinkare enn menneske med mørk hud. Forsking viser at det ikkje finst slike skilnadar. Likevel trur mange i verda i dag at det spelar noko rolle kva farge ein har på huda eller håret. Rasisme kan også vere å meine at menneske frå enkelte kulturar eller religionar er mindre verdt enn andre.
Når nokon blir utsett for rasisme kallar vi det rasediskriminering. Då får enkeltpersonar eller grupper ikkje dei same moglegheitene eller rettane som dei andre i samfunnet.
I Noreg er det ulovleg å gjere skilnad på folk ut frå hudfarge eller etnisk bakgrunn, men dessverre skjer det ofte i kvardagslivet likevel. Det kan vere vanskeleg for mørkhuda menneske å få jobb, sjølv om dei er kvalifiserte, og det kan vere vanskelegare å finne ein stad å bu.
Fordommar og rasisme forsvinn ofte når folk blir kjende med kvarandre. Når ulike kulturar møtest og når ulike menneske oppheld seg saman, lærer dei at skilnadane ikkje er så store som dei trudde. Derfor er det viktig å prøve å lære om, og bli kjend med, menneske frå andre kulturar.