Regjeringa
Regjeringa har ansvar for at det som blir bestemt på Stortinget blir gjennomført. Regjeringa består av statsrådane og statsministeren. Statsministeren leier regjeringa. Det er rundt 20 statsrådar. Kvar statsråd er sjef for eit departement, der det arbeider mange menneske. Departementa er ansvarlege for ein type politikk kvar, til dømes finanspolitikk, skulepolitikk eller landbrukspolitikk. Dei som arbeider i departementet er ikkje folkevalde, men ekspertar på sitt område og gir råd til statsråden om kva som er lurt å gjere.
Dersom Stortinget til dømes har bestemt at skuleelevar skal lære meir matte, er det statsråden for kunnskapsdepartementet som har ansvar for at dette skjer og korleis. Dei andre i departementet hjelper statsråden med å få dette til.
Regjeringa kjem med mange forslag som det vert røysta over i Stortinget. Den kjem med forslag om nye lover og endringar i lovene. I tillegg er det Regjeringa som lagar forslag til statsbudsjett kvart år. Då snakkar dei ulike statsrådane om kva for område som er viktig å prioritere og korleis dei meiner at pengane bør brukast på best måte.
Regjeringa sit fire år av gongen. Etter kvart stortingsval dannar eit eller fleire av dei partia som fekk mest røyster regjering. Av og til får eit parti så mange røyster at dei kan danne regjering åleine, men det vanlegaste er at fleire parti arbeider saman om å danne regjering. Det vert kalla ei koalisjonsregjering.
For å vere sikker på at regjeringa gjer det folket ynskjer, har vi ein regel som seier at regjeringa må ha støtte frå Stortinget. Viss fleirtalet på Stortinget er ueinige i det regjeringa gjer kan dei tvinge regjeringa til å gå av. Då må alle partia snakke saman på nytt og lage ei ny regjering.