Monarkiet i Noreg
Noreg er eit monarki. Det betyr at vi har ein konge eller ei dronning som øvste statsleiar. I Noreg har vi ein konge. Han heiter Harald 5. og er gift med dronning Sonja. Saman har dei to born, prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon Magnus. Kronprins Haakon Magnus skal arve kongetittelen etter far sin. Dottera hans, prinsesse Ingrid Alexandra, vil bli dronning etter Haakon Magnus fordi ho er det eldste bornet hans. Vi kallar kongar og dronningar for monarkar.
Tidlegare kunne berre gutar bli monarkar i Noreg. Slik var det då Märtha Louise og Haakon Magnus vart fødde, og defor er Haakon Magnus kronarving sjølv om han er yngst. Men no er lova forandra, og derfor skal Ingrid Alexandra bli dronning.
Den norske kongen har inga politisk makt sjølv om han er Noregs statsleiar. Det betyr at han ikkje kan blande seg inn i politikken i Noreg. Men kongen har enkelte symbolske roller. Kvar fredag har han eit møte med regjeringa på Slottet, der dei informerer han om norsk politikk. Desse møta vert kalla statsråd. I tillegg er det kongen som opnar Stortinget kvart år. Kongefamilien representerer også Noreg ute i verda. Dei inviterer viktige utanlandske gjester til slottet og dei reiser rundt i verda og fortel om Noreg. Norske statsborgarar som har gjort mykje bra for andre menneske eller for landet kan få medalje av Kongen. Det vert sett på som ei stor ære.
Mange land i verda har ikkje kongefamilie. Då har dei ofte ein president i staden for. Ei slik styreform vert kalla ein republikk.