Demokrati
Demokrati er ein måte å styre eit land på der folket vel kven som skal styre landet. Alle statsborgarane har rett til å røyste ved val, og alle kan stille til val. Det er ikkje alle land som er demokratiske sjølv om dei har politiske val. Til dømes, viss berre menn eller personar med ein spesiell religion har lov til å røyste ved vala, eller viss nokon politiske grupper ikkje får stille til val, er det ikkje demokrati.
Det motsette av demokrati er diktatur. Det betyr at ein person eller ei lita gruppe menneske tek makta og bestemmer i landet. Mange land i verda er diktatur. Ein diktator treng ikkje støtte frå folket og kan gjere som han vil utan å bry seg om kva innbyggjarane i landet meiner. Diktatorar bruker ofte militæret eller politiet for å behalde makta. Dei som er ueinige kan verte sette i fengsel eller drepne.
For at eit demokrati skal fungere må ein ha ytringsfridom i landet. Det inneber at alle kan seie eller skrive meininga si fritt. På den måten kan alle grupper få sagt korleis dei vil at landet skal vere. Alle som vil kan også starte opp politiske parti og prøve å få røyster. Då kan dei som bur i landet høyre ulike meiningar, og finne ut kva for parti dei er einige med og vil røyste på.
I diktatur er det ikkje ytringsfridom. Der kan det vere farleg å seie noko som dei som bestemmer er ueinige i. I diktatur er det også vanleg at myndigheitene bestemmer over media. Då får ein berre høyre ei side av saka gjennom nyhenda på tv og i aviser. I land som Kina, Saudi-Arabia og Irak er det ikkje demokrati eller ytringsfridom. Der sit mange journalistar og andre i fengsel fordi dei har sagt eller skrive ting som leiarane er ueinige i.
I diktatur kan leiarane altså arrestere folk og sette dei i fengsel akkurat som dei vil. I demokrati er det ikkje slik. Der har ein noko som heiter rettstryggleik. Det inneber at ingen kan arrestere deg utan grunn, at lovene gjeld likt for alle og du har rett på ei rettferdig rettssak viss nokon meiner du har gjort noko gale. Då kan innbyggjarane kjenne seg trygge.