Fleire kulturar i Noreg
Ante og Aina er samar. Samane er Noreg si urbefolkning, og var dei første menneska som kom til landet. I dag er samane ein av mange kultarar som finst i Noreg.
Ein kultur er ulike måtar å snakke, tenkje og oppføre seg på. Menneske som kjem frå same område har ofte same kultur. Når menneske flyttar tek dei ofte med seg kulturen sin.
Litt meir enn kvar tiande innbyggjar i Noreg, er innvandrarar. Det betyr at dei er fødde i eit anna land og har familie derifrå. Difor finst det mange ulike kulturar i Noreg, og vi kallar Noreg eit fleirkulturelt land.
Dei fleste innvandrarane i Noreg kjem frå land i Europa. Mange frå land i nærleiken av Noreg, til dømes Polen, Litauen og Sverige. Dei vanlegaste grunnane til at menneske frå andre land kjem til Noreg, er at dei ikkje finn jobbar i heimlandet sitt eller at dei flyttar etter resten av familien.
Andre kjem til Noreg fordi dei må flykte frå heimlandet sitt. Flyktningar kjem ofte frå land utanfor Europa og søkjer asyl i Noreg. Det betyr at dei søkjer om å få bu her fordi det ikkje er trygt i heimlandet, til dømes på grunn av krig.
Det kan vere vanskeleg å forstå andre kulturar. Det tek tid å bli kjent med og venje seg til nye tradisjonar, matrettar og klede. I mange land er det til dømes vanleg at kvinner dekkjer til håret og kroppen sin når dei er ute. I Noreg går kvinner med ulike klede. Om sommaren går dei fleste med klede som viser fram armar og bein. I nokre land er det høfleg å kysse og klemme når ein møtest, medan i Noreg tek vi kvarandre i handa. Nordmenn klemmer vanlegvis berre familie og nære vener.
Når ein flyttar til eit nytt land må ein bli kjent med kulturen i det nye landet. Elles er det vanskeleg å bli kjent med folk og få jobb. Men samstundes er det viktig for dei fleste innvandrarar å behalde sin eigen kultur. Ofte må dei lage ein ny kultur som er ein blanding mellom den dei kom frå og den dei har flytta til.