Noreg har mange typar landskap. Det er fjellandskap, skogslandskap og kulturlandskap for å nevne nokre.
Korleis ser det ut der du bur?
Er det høge fjell?
Er det flatt?
Bur du i ein dal?
Er det mykje skog?
Bur du ved fjorden, eller bur du langs kysten?
Bur du i ein by, eller bur du på ein liten stad?
Kanskje har du høyrt at landskapet ikkje alltid har sett ut som det gjer i dag? I dette kapitlet skal du lære meir om kvifor landskapet ser ut som det gjer, og korleis det stadig endrar seg.
VISSTE DU?
- Noreg er på det lengste 1752 km i luftline (frå sørligaste til nordligaste punkt).
- Noreg er faktisk Europas åttande største land i utstrekning.
- Det går ei fjellkjede gjennom heile Noreg i nord-sør retning.