Forsking: Ei grundig og systematisk undersøking for å finne ny viten og auke kunnskapane våre.
Golfstraumen: Varm havstraum som fører vatn frå Det karibiske hav til Nord-Europa og Noreg.
Hovudstad: Ein hovudstad er den byen i ein stat der den politiske leiiinga held til. Hovudstaden er ofte, men ikkje alltid, den største byen i staten.
Industri: Bearbeiding av råstoff og produksjon av varer, ofte i stor skala. Maskiner er ofte ein viktig del av produksjonen
Kopar: Eit grunnstoff, eit mjukt metall som er lett å forme. Det viktigaste metallet i norsk gruvedrift gjennom historien.
Landsdel: Ein del av Noreg.
Midnattssol: Nord for polarsirkelen går sola aldri ned under horisonten om sommaren. Da er det lyst hele døgeret.
Mørketid: Nord for polarsirkelen kjem sola aldri over horisonten om vinteren. Da er det mørkt hele døgeret.
Nedbør: Regn, sludd, hagl eller snø.
Næring: Noko å leve av (ta i bruk ressursane)
Ressurs: Råstoff eller reserve som vi kan utnytte, for eksempel vasskraft, olje og skog.
Samer: Urbefolkning i Noreg, Sverige, Finland og Russland
Uberørt natur: Natur der menneske ikkje har endra noko eller bygd noko
.