Kultur: ordet kjem frå latin og betyr ”å dyrke”, dvs. noko som menneske har skapt. Kultur kan omfate alt frå jordbruk til kunst, industri og samfunnssystem.
Samfunn: Ei gruppe menneske som høyrer saman på ein eller annan måte
Mesopotamia: Området mellom Tigris og Eufrat
Tigris: Elv i Mesopotamia
Eufrat: Elv i Mesopotamia
Sumerarane: Folket som budde i Sumer i Mesopotamia
Egypt: Landet rundt utløpet av Nilen
Nilen: Verdas lengste elv
Flaum: Større oversvømjing, som ofte gjer store skadar
Kanal: Elv som menneska har laga
Diker/ vollar: Jord og sand som er gravd opp i ein haug for å halde vatnet attende.
Demning: Eit stengsel (med ein mur eller liknande) som gjer at vatn samlar seg opp.
Slam: Leire og sand som vert ført med elvane
Farao: Konge og gud i Egypt
Pyramide: Eit byggverk i pyramideform. Faraoar brukte pyramidar som gravkammer.
Gravkammer: Eit rom inne i pyramiden der den døde låg.
Kileskrift: Det første skriftspråket i Mesopotamia.
Mumie: Døde menneske- eller dyrekroppar som er godt bevart.
Hieroglyfar: Navnet på bildeskrifta til dei gamle egyptarane.
Papyrus: Navnet på papiret som egyptarane brukte. Det blei laga av ein spesiell sivplante som vaks i Egypt
Sfinxen: Eit kjent byggverk framfor dei store pyramidane i Giza. Eit menneskehovud med løvekropp.
Arkeolog: Eit yrke som forskar på korleis menneske før oss levde.