I dette kapitlet skal du lære om:
- Elvane Eufrat og Tigris
- Livet i Mesopotamia
- Oppfinningar og skriftsystem
- Elva Nilen og livet i det gamle Egypt
- Farao, pyramidar og mumiar
Sjå godt på kartet og bruk forstørringsglaset til å finne elvane Nilen, Eufrat og Tigris!
Du ser at desse elvane på ein måte ligg i ”botnen av Middelhavet”, mellom Afrika, Asia og Europa. I dag kallar vi dette området for Midtausten.
For omlag 4-7000 år sidan var det mange menneske som busette seg i områder langs fleire av dei største elvane i verda, særleg langs elvemunningane. Elvane ga dyrkbar jord, og det var også mykje fisk i dei. Det vaks fram store byar, med god organisering av handel, skule og militærvesen.
Du skal nå få lære meir om to av desse områda: Mesopotamia og Egypt. Følg godt med, så vil du kanskje finne både likskapar og skilnader mellom dei.