Tal – I denne modulen arbeider vi med tal som høyrer heime på ei talline
Siffer – Vi har ti siffer i vårt talsystem, 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9. Alle tal er bygde opp av desse sifferne
Talsystem – Ulike system for teljing har vore brukt opp gjennom historien i ulike deler av verda.
Plassverdi-system – talsystem der plasseringa av sifra angir verdien av dei. Til dømes 256 som betyr at vi har 2 hundrar, 5 tiarar og 6 einarar
.
Tusenar, hundrar, tiarar, einarar, tideler og hundredeler – plassar i plassverdi-systemet vårt
Desimaltall – tal som inneheld deler mindre enn ein heil, det vil seie tideler, hundredeler osv.
Gram, hektogram og kilogram – einingar for vekt. Eit hektogram (i dagligtale ”hekto”) er hundre gram. Eit kilogram (i dagligtale ”kilo”) er tusen gram.
Millimeter, centimeter, desimeter, meter – einingar for lengde. Ein meter er – ti desimeter, – hundre centimeter, – tusen millimeter.
Negative tal – tal som er mindre enn 0.
Brøk – tal som viser til deler av ein heil, til dømes: \(\frac{1}{2}\), \(\frac{2}{3}\).
Teljar – talet over streken i ein brøk. Seier kor mange deler vi har.
Nevnar – talet under streken i ein brøk. Seier kva slags deler vi har.
Brøkstrek – streken mellom teljar og nevnar i ein brøk. Er og eit divisjonsteikn.