Då elevane kjem på skulen neste dag heng framleis tabellen med antall dagar til neste bursdag på veggen.
– Kan vi gjere slik som Daniel foreslo? spør Andreas. – Han sa at vi kunne rekne om dagane til veker slik at det vart lettare å rekne.
– Men då må vi først gjere tala mindre, seier Maria, – for dei tala som står der galdt i går.
Dei går i gang med å lage ein ny tabell, og då dei er ferdige er alle tala blitt lågare.
– Dersom vi skal finne ut kor mange veker det er må vi dele på 7, foreslår Lin.
– Men kva dersom det ikkje går opp? spør Maria.
– Resten må jo bli dei dagane som er mindre enn ei heil veke, seier Andreas.
– Det er 1 veke og 5 dagar til bursdagen min, seier Alan. – Det er lett å rekne ut.
– Vi kan lage ei kolonne til i tabellen og setje inn svara der, seier Daniel.
Då får dei denne tabellen.
– Nå skal de få ei lita utfordring, seier læraren. – De veit kva dato de sjølve har bursdag. Oppgåva nå er å rekne ut fødselsdatoane til dei andre, ut frå tabellen her.
– Vi må vite ein ting til, seier Selma. – Vi må vite kva for dato det er i dag.
– Det er lettast dersom vi har ein kalendar, seier Lin.
Det tek ikkje lang tid før elevane har løyst denne oppgåva og.