Data – faktiske opplysningar
Systematisere – ordne etter eit system, ein måte som gjer det lett å få oversyn
Presentere – vise fram
Tabell – ei samling av tal i rader og kolonner, med tekst framfor eller over som forklarar tala. Ordet kjem av det same som ”tavle”.
Rad – felt som følgjer etter kvarandre vassrett i ein tabell eller eit rekneark
Kolonne – felt som følgjer etter kvarandre loddrett i ein tabell eller eit rekneark
Søylediagram eller stolpediagram– presentasjon av data der tala er vist som teikna søyler/stolpar.
Akse – i denne samanhengen ei vassrett og ei loddrett line i søylediagrammet der ein angir kva søylene viser og tal for høgda på søylene