– Men kan maskinen hjelpe oss å teikne og? spør Selma.
– Det kan den, svarar læraren, – og nå skal den hjelpe oss å teikne søylediagram eller stolpediagram.
– Då må vi vel først merke heile tabellen, foreslår Andreas.
Elevane merkar tabellen. Dei får beskjed om å velje Sett inn på verktøylinjen, og Stolpe under diagrammer.
Ved å følgje instruksjonane får dei fram eit søylediagram.
– Her er det lett å sjå kven som har brukt kortast tid, seier Daniel.
– Selma brukar mykje meir tid til skulen enn eg gjer, kommenterer Alan.
– Kan vi gjere det same med den andre tabellen, den som viser kor lenge det er til vi har bursdag? spør Maria.
– Det er klart de kan, seier læraren.
Dermed set dei i gang. Etter kvart som elevane finn nye område å samle data på, kjem det mange flotte tabellar og søylediagram opp på klassen si oppslagstavle.