Multiplikasjon – ein av dei fire rekningsartane, motsett rekningsart til divisjon. (eks. 3 · 4 = 12)
Divisjon – ein av dei fire rekningsartane, motsett rekningsart til multiplikasjon (eks. 12 : 3 = 4)
Motsette rekningsartar – rekningsartar som opphevar kvarandre: multiplikasjon og divisjon er motsette (eks. 3 · 4 = 12, 12 : 3 = 4). Addidjon og subtraksjon er motsette (eks. 3 + 4 = 7, 7 – 4 = 3)
Lengde – i denne samanhengen: ei av sidene i eit rektangel
Høgde – i denne samanhengen: den andre av sidene i eit rektangel
Meter: standard lengdeeining
Centimeter: \(\frac{1}{100}\) meter
Kvadratmeter: arealeining som svarar til arealet av eit kvadrat med sider som er ein meter lange
Areal: flateinnhald
Runde av -til næraste tiar: 1, 2, 3, 4 vert sløyfa. 5, 6, 7, 8, 9 gir ein tiar meir. Døme: 23 ≈ 20, 38 ≈ 40, 54 ≈ 50, 15 ≈ 20
-til næraste heile og halve meter: lengder vert runda av til den heile eller halve meteren som er nærast
Overslag – utrekning der tala vert forenkla slik at ein finn det omtrentlege svaret på ein enkel måte