– De skal få lov til å male klasserommet, seier læraren ein dag. – Eg synest det er så triste fargar her inne. Vi treng litt lys og glede rundt oss.
Elevane set straks i gong med å diskutere.
– Eg synest vi skal male rommet raudt, seier Daniel
– Nei, lilla, ropar Selma.
– Stopp litt, seier læraren, – dette må vi gjere skikkeleg.
Så finn ho fram til eit fargekart med døme på kva fargar dei kan velgje mellom.
Dei vert samde om å male rommet i ein varm og lys gulfarge, og ei hylle og to benkar ville dei male grønne.
– Er det nokon som veit kor mykje maling vi treng? spør læraren så.
– To boksar gult og ein boks grønt, foreslår Lin.
– Nei, vi treng meir, meiner Selma.
– Går det an å rekne det ut? undrast Andreas.