Firkant – figur danna av fire rette linestykke
Rektangel – firkant med fire rette vinklar og to og to like sider
Kvadrat – firkant med fire rette vinklar og fire like sider
Parallellogram – firkant med to og to like vinklar og to og to like sider som er parallelle
Parallelle liner – liner som aldri kryssar kvarandre sjølv om dei vert forlenga endelaust
Rette vinklar – vinklar som er 90°
Spisse vinklar – vinklar som er mindre enn 90°
Stumpe vinklar – vinklar som er større enn 90°
Omkrins – lengden av figuren sin ytterkant.
Trekant – figur danna av tre rette linestykker
Rettvinkla trekant – trekant der ein av vinklane er 90°
Likesida trekant – trekant der alle sidene er like lange og alle vinklane er like store, 60°.
Likebeint trekant – trekant der to av sidene er like lange og to av vinklane er like store
Sirkel – figur der avstanden frå sentrum til sirkellina er like stor heile veien rundt
Sirkelline – sirkelen sin ytterkant
Sentrum – sirkelen sitt midtpunkt
Radius – avstanden frå sentrum i ein sirkel til sirkellina.
Diameter – rett line gjennom sentrum i sirkelen mellom to punkt på sirkellina.
Mønster – figurer som gjentek seg regelmessig
Symmetri – figurar er symmetrisk dersom det finst ei rett line, symmetriakse, som viser figuren spegelbilde på kvar side av aksen.
Spegle – å lage ein spegelvendt figur på andre sida av en symmetriaksen.
Forskyve – å lage ein figur lik ein annan på ein annan stad.
Rotere – å dreie heile figuren rundt eit punkt.