Dei passer på at alle einarane er under kvarandre, alle tiarar er under kvarandre, og på same måte tidelar og hundredelar. Det er mykje å passe på når ein reknar med desimaltal!
– Det vi gjer nå heiter addisjon! seier Alan, han er litt stolt over at han veit det.
– Veit du kva det heiter når vi trekkjer frå? spør Andreas.
– Det heiter subtraksjon, svarar Alan kjapt.
Dei legg saman hundredelar først, så tidelar, einarar og til slutt tiarane.
Svaret dei får er 181,90 kr.
– Då må vi betale 182 kr, vi har for lite! seier Alan, -Kva skal vi gjere med det?
– Eg har litt pengar i lomma, seier Andreas. Han leiter og finn 21 kr.
– Eg har 17 kroner, seier Selma.
– 21 kr pluss 17 kr. Då har vi 38 kr ekstra, seier Lin. Ho er kjapp i hovudrekning.
Dei diskuterer korleis dei skal rekne ut om det er nok. Dei blir enige om at det kan dei finne ved å trekkje frå.
– Vi må rekne ut 182 kr minus 150 kr, og sjå om det er mindre enn 38 kr, seier Andreas.
Dei sett opp reknestykket. Også her er dei nøye med å setje sifra rett under kvarandre.
Svaret blir 32 kr, og det er jo klart mindre enn 38 kr.