Dei blir enige om å prøve å finne det ut ved å lage eit overslag. Selma og Maria går for å finne ut kva kjøtdeig kostar, både i laus vekt og i ferdige pakker. Daniel og Lin skal finne prisen på gjær, kveitemjøl, brus og serviettar, medan Alan og Andreas finn prisen på løk, pizzasaus og ost.
Når alle har funne prisane møtest dei att, og skriv ned prisane på handlelista. Då ser den slik ut:
1 kg kveitemjøl | 11,10 kr |
1 pk gjær | 2,80 kr |
300 g kjøtdeig laus vekt | 99,90 kr per kg |
400 g kjøtdeig pakke | 39,90 kr |
1 løk | 15,50 kr for pakke med 2 løk |
1 pk pizzasaus | 20,90 kr |
1 pk reve ost | 26,90 kr |
2 1½ l cola | 24,90 kr + pant for kvarflaske |
1 pk serviettar | 19,90 kr |